page view image

Guida gardsbesøk med påmelding

Time slots

Saturday 6 Aug 2022

{{ capacity.name }} {{ capacity.description }}
EVENT INFORMATION
event image

Gardsbesøket byrjar i tunet, kor me fortel om gardshistoria, kulturlandskapet og bygningane som finns på garden og kva dei vart nytta til. Vidare går me inn i det gamle våningshuset (gamlahuset), kor me går gjennom romma og du får oppleva korleis forfedrane budde, frå gamalt av og fram til 1960 – 1970 -talet. Guidinga vert avslutta med besøk i den gamle gardssmia.

Etter guidinga kan du på eiga hand, gjera fleire ting. Du kan setja deg ned på ein benk i tunet for å ta inn den gode atmosfæren. Eller du kan gå ein kortare eller lengre tur på vår merka kultursti. Langs  kulturstien finns det gravplass frå vikingtida, steingardar, vårflor, torvhus og flott natur. Kanskje vil du møta på sauene våre. Dei er av rasen Gamalnorsk spelsau, som er ein ekte norsk urrase.

Vil du gå kulturstien, må du ta med deg tette sko til å gå i terreng.

For å laga ei betre oppleving for den enkelte, tek i mot opp til seks besøkjande om gongen.

VIKTIG! Du må kjøpa billett på https://koppen.ticketco.events/ FØR du kjem.  Det vil ikkje vera mogleg å kjøpa billettar på tunet vårt. Opphald i tunet og kulturlandskapet er berre for deg som har kjøpt billett.

Alle over 6 år må ha billett.

Ved å besøkja oss, støtta du oss i vårt arbeid med å ta vare på denne unike kulturskatten.

Alle inntekter går til drift og vedlikehald av bygningar og kulturlandskap